Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

Kjekt årsmøte
Publisert av: Bjørn Aage Eide - 20. mar 2024

I går den 19. mars hadde vi årsmøte i Nordsfjordlaget i Bergen. Mange møtte fram, fleire en det tidlegare har vore, og det lovar bra for laget. Skal nok innrøme at dei fleste var i pensjonsalderen og det igjen er litt urovekkande, kor vert ungdomen av? Ungdom som kan få tilgang til Nordfjord kultur gjennom kvarandre?

Vel ,vel årsmøtet gjekk bra.

Kjetil Almenning som har vore i styret i mange år, ønskte no å gå ut av styret. Han har vore ein dugande person innan laget som han ellers er i dei andre delane i samfunnet han deltek i, og dei er ikkje få. Laget takkar for god innsats over fleire år.

Ny i styret er Harard Hovstad, vi ønskjer han velkommen. Ellers vart resten av styret gjenvalgt, av dei som då stod på val, det var formann Bjørn Aage Eide og skrivar Alf Kråkenes.

Det vart til årsmøtet kome fram forslag om må diskutere pris for leige av lagshytta. Det har vore slik at om ein som er medlem leiger lagshytta, så betalar alle som overnattar kr 300 pr person over 16 år.  Om ein som ikkje er medlem leiger så betalar alle kr 600. Dette vart diskutert. Årsmøtet vart samde om at når eit medlem leiger lagshytta så skal vedkommande betale kr 300. Om vedkommande har med seg nokon som ikkje er medlem så skal dei betale kr 400. Dette for at det kan vere fornuftig å melde inn fleire til dømes i ein familie. Då kjem kanskje medlemstalet opp og som kan vere nyttig ved søknad om støtte avhengig av medlemstal. Generelt må ein vel kunne sei at leige for bruken av ein komplett og godt utstyrt eigendom med båt, er rimeleg.

Elles vart økonomien til laget lagt fram med positivt resultat. Laget har auka kapitalen det siste året tiltrods for auka avgifter og skattar.