Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

Ny motor på plastbåten
Publisert av: B.Aa.Eide - 26. juni 2021

.

Da har laget fått tak i ein ny ( brukt ) motor til plastbåten. Den gamle motoren vil bli forsøkt overhalt og forhåpentleg brukt som reserve. Den nye motoren er ein 4-taks Tohatsu motor med snorstart. Problemet med å blande olje slepp ein no. Motoren er litt mindre enn den gamle, 20 HK, men troleg stor og enkel nok til vårt bruk. Bensintanken står i naustet og ein skal fylle den opp etter bruk.

 

Det kan kanskje vere på sin plass og minne litt om det som står på Heimesida vår under lagshytta:

Bruk/leie av Nordfjordtunet:
 Mellom anna står det:  ......Om nokon ønskjer det , er det også mogleg å leige plastbåten, den kan leigast uavhengig av leige av hytta.......For leige av båtene vil vi forsøke å gjere det slik at dei som nytttar båten med motor, betaler etter skjønn og bruk når en leiger hytta. Skal en berre nytte båten ein dag er leiga kr 250. Vi skal forsøke å få laga til retningslinjer for bruk av båtar og hengt opp det på tavla i hytta....

No ligg trebåten ute og det er fritt for å bruke den ved leige av hytta. Ønskjer ein å bruke plastbåten bør ein gje beskjed om det ved reservering slik at vi kan få registrert det og andre kan sjå om båten er ledig eller ikkje.