Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

Vel overstått 17. mai
Publisert av: B.Aa.Eide - 19. mai 2020

.

Det vart ein heilt annaleis 17. mai i år. inga fane å bære  og samlast  under i den vanlege hovedprosesjone. trur dei fleste hadde ein ganske kjekk 17. mai alikevel.

Det har vore svært så kaldt i første halvdelen av mai, ikkje noko godt ver på nasjonaldagen heller, var knapt opplett mellom bygene. No ser det ut til å verte noko betre og kanskje "himmelspretten" og påfølgande helg kan verte bra. Kvifor då ikkje ta turen ut i Hummelsund?

Ute på lagshytta har vi fått opp ei redskapsbod slik at vi kan flytte stolar og bord ut dit. Det vert då lettare å kome seg inn på vaskerommet.  Vaskemaskin er komen på plass, den har ein feil som vil verte retta ganske snart og då kan det vaskast skitne klær som ugane kanskje får der ute.

Når det no helst skal vere ferie i Norge, så kan lagshytta kanskje vere eit godt alternativ, vi håpar at fleire kan sjå nytte i lagshytta. Den er utruleg godt egna for familiar med små barn med båt , kai og sjøkant med krabber mm.