Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

Basar i Nordfjordlaget også i år.
Publisert av: B.Aa.Eide - 29. okt 2018

.

Då er det snart klart for den årvisse basaren i Nordfjordlaget i Bergen. Den vert i år den 18. november kl 16 i Gimle. Vi har i år også tinga storsalen for å få plass til alle. Ein god gammaldags basar med åresalg er kjekt for både store og små.    

Det kostar å drive eit lag med eige hus, naust og båtar. Basaren har dei siste åra gjeve eit kjærkome bidrag og har ikkje minst vore ei kjekk samlingsstund for alle.

For å få til ein basar så treng ein vinstar, vi oppfordrar derfor så mange som mogeleg til å bidra. Det hadde også vore kjekt om nokon kan bidra med bakverk av eit eller anna slag. Sist basar vart det litt lite av enkelte ting, men vonar vi kan servere tilstrekkeleg med saft, kaffi og kaker mm.i år. 

Vi tek gerne imot ein tilbakemelding i forkant om nokon har anledning om å bidra med gevinstar og/eller noko å bite i. Dei som bidreg vil få ei kjærkomen takk.

Vel møtt på søndag den 18. november kl 16:00

 PS. Rolf Melheim har skreve ei retteleg kjekk bok om Nordfjord med utgangspunkt i gamle Eid og Horningdal.

Boka tek føre seg Vestlandet og Nordfjord, Nordfjord i gamal tid, bonden og familien, gardsproduksjon, høgtid og tradisjonar, demokratiet og mellom anna meir om landsbygda. Rolf har gjeve laget nokre bøkes som han ønskjer skal selgjast på basaren og der inntekta går til laget. Boka kostar kr 348, men han meiner vi kan selge den for kr 300. Boka er ei retteleg fin julegåve for dei som har interesse for historiske Nordfjord. Om fleire ønskjer å kjøpe boka enn dei vi har, kan vi sørge for å få levert fleire til pris på nett.