Siste dokument

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

18.09.2023
Styre 2023

...

Last ned document

Ingebrigt Lundes fotosamling
Publisert av: B.Aa.Eide - 09. mar 2017

 Eg fekk ein epost frå Solveig Lunde Rønne. Ho ville gjere oss merksame på fotosamlinga til ein tidlegare formann i Nordfjordlaget i Bergen, Ingebrigt Lunde.Det er kjekt at slik informasjon vert gjort tilgjengeleg, takkar for informasjonen som herved vert sendt vidare, mange kjekke bilder.      

Hei. Jeg vil gjøre dere oppmerksom på Ingebrigt Lundes fotosamling som nå har blitt digitalisert av fotosamlingen ved Universitetet i Bergen. I samlingen er det mange bilder fra Nordfjordlaget i Bergen hvor Ingebrigt Lunde var formann i ca 1920. 


 
 
Mvh Solveig Lunde Rønne
 
Litt informasjon:
Ingebrigt Lunde var formann i Nordfjordlaget i 1921 og 1922. Han var i tillegg til ein tydelegvis flink fotograf, også ein flink skribent.
Han skreiv følgjande om Nordfjordlaget:
 
I Bergen sig samlet en liten flokk.
nordfjordinger, unge og gamle.
De hjemlige toner som hyrdelokk
fikk flere og flere sig at samle.
Her Nordfjord vil minnes,
her nordfjording finnes
til alvor og fryd
i vårt Nordfjordlag. 
 
Ingebrigt var frå Stryn og hamneingeniør i Bergen. Det er å lese i gamle kjelder at "når hamnesoga ein gong vert skriva, vil ein der kunne lese kva arbeidsmaur han har vore. Men endå han støtt har hatt hendene fulle med arbeid for byen, har han vore ein av dei mest trufaste lagsmenn og ein trurøken formann. Ordensmann som han var, gjekk han i gang med å få lovverket for laget i stand og tilhøveleg".
 
Om nokon har informasjon til enkeltbilder er det mogeleg å legge dette inn på fotolinken.