Mange i 17. mai toget under lagsfana
Publisert av: B.Aa.Eide - 17. mai 2016nordfjordlaget i hovedprosesjonen
Så er snart 17. mai over for denne gong. I år som tidlegare var Nordfjordlaget tidleg på plass på Koengen for oppstilling. Mange samla seg bak fana før avgang og endå fleire kom til etter kvart.
Mange Nordfjordingane ønskte å gå under lagsfana og ein ganske stor gjeng av lystige pesonar deltok, store som små. Eit svært vellykka innslag i hovedprosesjonen og vi vart nok positivt lagt merke til. Nordfjordsongen vart framførd både i prosesjonen og etter innkomst på festplassen. Når det også kjem ønskje om å verte medlem i laget, er det berre kjekt.
Rett før avgang:
Snart i mål, festplassen i sikte etter 2,5 time frå oppmøte: