Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

Julefeiring på lagshytta
Publisert av: B.Aa.Eide - 13. jan 2016

.

Jul i huset

Familien Moldestad Hopland ønskte i år å feire jul på lagshytta. Dei skriv som ei tilbakemeldin at:"Vi har hatt ei veldig fin jul på Hummelsund. Så fint å komme ut til adventstjerner i vinduet:-) Vi planla i første omgong å vere der til 2.juledag men var ein dag ekstra då den var ledig og vi hadde det då fint der.

Vi hadde juletre og naustnisse som vi besøkte 1. juledag med hodelykter om kvelden, og vi gjekk tur til gamle loshytta og såg på losbåten og såg utover på den fine utsikta. 

Vi lurte for øvrig på om det er ei sandkasse som er i anmarsj på sida av hytta? Ellers vil eg seie at Nordfjordlaget jammen er heldige som har fått fatt på denne plassen; både hytta, beliggenhet og Hummelsund er vel verdt å besøke. Og vil seie at det er flott med tv-frie dagar på hytta:-)"

Nordfjordlaget synes det er kjekt at lagshytta vert brukt og kjem til nytte. Når det gjeld sandkassa så kan ein kanskje seie at det kjem ei sandkasse for under ligg tilkomst til ventilar etc så vi kunne ikkje asfaltere der og ei kombinert sandkasse og mottak for hestesko kan passe bra.