17. mai 2014
Publisert av: B.Aa.Eide - 19. mai 2014Klar for hovedprosesjonen
Nordfjordlaget stilte i år med fana i hovedprosesjonen. Nordfjordlaget gjekk først av bygdelaga etter som laget feirer 100 i år, det eldste bygdelaget i landet.
Det vart ein svært vellykka dag for alle som hadde teke turen til sentrum for å delta i hovedprosesjonen. Under fana til Nordfjordlaget vart det etterkvart ein stor og humørfylt gjeng, trur det er lenge sidan det gjekk så mange under fana. Det er kjekt å delta når både veiret og folket er i det lune hjørnet. Nordfjordlaget seglar i medvind for tida og moro er det å sjå at så mange finn det interessant å delta under lagsfana. Om nokon har høvelege foto av Nordfjordlaget si fane i hovedprosesjonen, tek underteikna gjerne i mot.