Siste dokument

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

18.09.2023
Styre 2023

...

Last ned document

Nordfjordlaget i Bergen 100 år
Publisert av: B.Aa.Eide - 30. jan 2014

.

Nordfjorlaget i Bergen vart skipa den 22. april 1914. Laget er dermed det eldste reine bygdelag i Norge og kan feirar 100 år i år. Det er kjekt å kunne vere med i det eldste bygdelaget i Norge. Skiparane var framsynte med stor omtanke for sine sambyggningar og naboar frå Nordfjord. Ein må vel kunne seie at Nordfjordingane då som no, er langt framme når det gjeld å ta vare på sine nærmaste. Dette vil vi sjølvsagt feire.

Då stifelsesdatoen kjem midt i påska, vert det feirng av 100 årsdagen den 5. april. Nordfjordlaget vonar  så mange som muleg finn høve til å delta på feiringa. Det vert god mat, foredrag av forfattaren og foredragsholdaren Jens Brekke. Han kan nok plassere Nordfjordingen i lystige ordelag opp i mot Sogningen og Sunnfjordingen. Levande musikk vert det også, dei har lang røyndsle og tilpassar seg både yngre og eldre.

Festen går føre seg i Skipperforreningen i sentrum av byn. Startar opp med ein velkomstdrink kl 18:30. Der etter vert det servert middag med dessert og  vin til maten. Seinare på kvelden kaffi og kaker. Billettprisen vert på kr 500 pr person, ein pris som er godt subsidiert av laget.

Påmelding kan gjerast til:  post@nordfjordlaget.no , Bjørn Aage Eide, mobil 905 45 669, eller Alf Kråkenes, 55266668/472 63 728

Påmelding innan 25. mars, først til mølla……………..