Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

Dugnad på lagshytta helga 3. og 4. mai
Publisert av: B.Aa.Eide - 19. apr 2013

.

Helga 3. og 4. vert det dugnad på lagshytta, mykje godt arbeid kan gjerast av villege personar, store som små. Ei lagshytte, som andre bygningar krev eit vist vedlikehald. Eigendomen er godt vedlikehalden, men der er alltid nok å gjere. Om oppgåvene vert tidleg ferdig er ikkje minst det sosiale for små og store like viktig.

Med von om godt veir, det vil seie sol frå sky fri himmel med temperatur godt over 10 gr,det er lov å håpe,  ser vi fram til ei god dugnadshelg. Naustet skal målast, likeeins rekkverk. Nye plantar skal få næring og litt stell. Båtane må setjast i orden. Det vert spanande om vi får til påhengsmotoren, den var litt problematisk siste år, men i år satsar vi på at den er i driftsdyktig stand til glede for alle som kan tenkje seg å nytte dei gode fiskeplassane utan for naustdøra.

Vi vonar mange kan kome utom og delta i det sosiale samveret som ein dugnad også er tenkt å vere. Om ein tek med seg litt å bite i er berre av det gode.

Alf Kråkenes er dugnadsgeneral og veit kva som kan/bør gjerast.