Siste dokument

03.05.2020
Aktiviteter for 2020

Sjå vedlagt fil for informasjon...

Last ned document

11.03.2019
Aktivitetar 2019

Her finn du planlagde aktivitetar for 20...

Last ned document

11.03.2019
Styre og nemder for 2019

Her finner du oversikt over styre og men...

Last ned document

Så var rettssaka over, kva vert resultatet?
Publisert av: B.Aa.Eide - 06. des 2011

.

I to dagar har det i Bergen Tingrett vore ført sak mellon Sjukehusaksjonen Nordfjord og Helse Førde. Saka går ut på å få gjordt ein midlirtidig forføyning om stans i nedlegginga av ortopedien ved Nordfjord Sjukehus.

Sjukehusaksjonen Nordfjord er med rette redd for at vert nedlegginga gjennomført er det slutten på lokalsjukehuset i Nordfjord.

Helse Førde har i sommar/haust gått i mot sine eigne planar for samordning av ortopedien til Førde og derav avvikling av ortepedien på Nordfjordeid. Opprinnelige planar var 4 kvartal 2012. På eit av styremøta vart det satt fram forslag fra styreleiaren i Helse Førde om å framskunde avviklinga til 16. desember 2011. Dette hastevedtaket vart nok gjort for å kome Sjukehusaksjonen i forkjøpet. Det er ikkje mange dagane til 16. desember og det kom i retten fram at prosessen no nærmast var umogeleg å snu. At det er hastverk bak vedtaket om avvikling, kom fram i retten da ansatte meinte dei endå ikkje hadde fått førelagt seg vidare planar for kva som skal skje etter 16. desember?

Det har vore to dagar med mykje papir og paragrafar. For ein ikkje jurist er det interessant å høyre korleis dei same paragrafane vert så ulikt tolka. På tilhøyrarbenkane var fleire lokalaviser tilstades og saka vert sikkert godt referert der så detaljar skal eg ikkje kome så mykje inn på her. Det var også fleire tilhøyrarar som kan takke sjukehuset for at dei er i live i dag.

Det vert spanande å sjå kva domen vert i denne saka. Å føre sak mot byråkratar i saker der lokalpolitikarane sviktar er ikkje lett, sjølv for ein Sjukehusaksjon som av prosessfullmektig for Helse Førde vart karaktirisert som profesjonell.

?>