Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

Nye medlemmer tek lagshytta i bruk
Publisert av: Eide - 25. sept 2011

.

Sjømat på hytta

Helga 17 og 18 september leigde Øystein Eide og nokre andre nye medlemmar av laget lagshytta for sosialt samvær. Dei var heldige med veiret og hadde ei fin helg. Her kjem eit kort referat fra helga:

Hei!

Vi reiste ut fredag ettermiddag. Vi reiste utover i to bilar. Underteikna i fyrste bil hadde gjort unna hovedhandelen for helga, medan deltakarane i bil nr. 2 stoppa på Sotra for å handle inn anna naudsynt proviant. 

For dei som har vore på hytta med Netcom-abonnement på telefonen, så veit Dykk at dekninga ikkje er den beste. Vi som ankom hytta fyrst hadde sjølvsagt ingen strekar som indikerar signalstyrke på telefonen. 
For å gjere ei lang historie kort: Vi er blitt hjelpelause til å lage avtalar! Korleis fungerte verda før mobiltelefonen?? Det enda likevel godt, og vi fekk etterkvart installert oss på hytta med medbrakt musikk, "mannja-brus", snacks og mat.
Laurdagen måtte ein del av oss tilbake til "fastlandet", men det var også annonsert at tre nye potensielle medlemmar av Nordfjordlaget ville sette sjøbein på Hummelsund ut over dagen.

Spesielt imponert vart vi av Runar. Han landa på Flesland klokka 17:00 og var på plass på hytta klokka 19:00 - Det må vel kallast engasjement.
Det var også han, Kristian og Thomas som hadde sett seg som mål å skaffe middagen. Dei tok difor båten ut på sjøen for å lyse etter krabber. Fangsten imponerte ikkje ein gong nabokatten, så då var det godt å ha nokre kilo frosne reker i bakhand.

Vi hadde nok ein hyggelig kveld med prat, spøk, terningspelet "Meyer", god musikk, god mat, god drikke, fyr i peisen og ikkje minst strålande hyttefasalitetar som laga fin ramme for å verve fleire medlemmar til Nordfjordlaget.
Søndag var det avreise klokka 13:00. Vi vaska hytta så godt som gutar i starten av 30-åra klarar, og reiste frå hytta med vissheit om at vi kjem tilbake ved ei seinare anledning!

Mvh
Øystein