Siste dokument

03.05.2020
Aktiviteter for 2020

Sjå vedlagt fil for informasjon...

Last ned document

11.03.2019
Aktivitetar 2019

Her finn du planlagde aktivitetar for 20...

Last ned document

11.03.2019
Styre og nemder for 2019

Her finner du oversikt over styre og men...

Last ned document

Informasjonfra styret
Publisert av: B.Aa.Eide - 24. mar 2011

INFORMASJON TIL MEDLEMENE I NORFJORDLAGET I BERGEN        Hytta til Nordfjordlaget som ligg ved Hummelsund på Tofterøy er no i drift og fungerer godt til laget sitt formål. Det et 10 senger for overnatting og det er godt med utstyr på hytta. Vi har og sjøhus med plass til utstyr. Vi har to båter til bruk / leige - ein robåt og ein landstedsbåt med motor.  Styret i Nordfjordlaget har planlagt desse aktivitetane i vår og  sommar.  

-      7. mai:  Dugnad på hytta i Hummelsund. Då gjer vi klar båtane og gjer klart ut og        inne for sommarsesongen.

-    17.  mai-arrangement. Vi deltek på  gudstenesta  i Domkyrkja som vanleg. Frammøte kl. 0900. Nordfjordlaget deltek med fana.  Etter gudstenesta er vi med i hovedprosesjonen frå Festplassen.

-      Helga 21. og 22. mai har vi opa helg på hytta. Vi planlegg dugnad på laurdag med hovedvekt på rydding, maling og klargjering av uteareal.

-      Laurdag 18.juni har vi den tradisjonelle jonsokfeiringa  med rømmegraut og spekemat . Prisen for dette er sett til  Kr 150.- pr person.  Påmelding innan onsdag15. juni til Torgeir Evjen  tlf 91380681 eller Synnøve Hegglund – tlf.  55183487.

-      Laurdag 27. august vert det rekefest i Hummenlsund.-       Helga 10. – og 11. september vert det opa helg på hytta.Vidare er hytta ledig for utleige til medlemmer dei helgene  det ikkje er arrangement / opne helger.  Leigeprisen er sett til kr 500,- pr døgn for helgedagar og kr 400,- pr døgn for kvardagar. Ved overnatting ved opne helger er overnattingsprisen sett til kr 100,- pr person pr døgn. Medlemmer som er med på  dugnad  får gratis overnatting. Oppgjer for leige av hytta eller båt kan innbetales til konto nr 0530 0789198.

Landstedsbåten med motor kan leigast separat eller saman med hytta. Robåten kan nyttast  når den er ferdig oppussa.

Tinging av hytta, båt eller plass på arrangement kan gjerast på telefon til : Torgeir Evjen – telefon 913 80681 eller til Bjørn Åge Eide – telefon 905 45669, evt. tinging på heimesida www.nordfjordlaget.no.

Vi møtes  17.mai og på hytta i Hummelsund i sommar! Med venleg helsing på vegne av styret i Nordfjordlaget i Bergen. 

Torgeir Evjen 

?>