Plastbåten
Som bilde viser har laget ein 15 fot plastbåt med ein 25 hk påhengsmotor, 2-Takt. I tillegg har laget ein fering
Laget har med seg fra Os den gamle færingen som er i bra stand. Den vil ligge på flytebryggja i sommerhalvåret. I tillegg har laget gått til anskaffelse av ein 15 fot plastbåt av type BEVER 450 med ein 25 HK Johnson to-takts påhengsmotor. I naustet vil det være årar og noko utstyr, men redningsvestar må den einskilde sørge for sjølv. Plastbåten er selvlensande og vil ligge ute inntil flytebryggja. Drivstoff må takast med. Det er her viktig å nytte to-taktsbensin ( 2% innblanda olje). Tanken til motoren ligg i naustet og den skal vere full ved avslutta bruk slik at neste mann kan starte på full tank. Det vil vere ei kanne med ferdigblanda bensin som ein kan gjere seg bruk av om ein ikkje har med noko sjølv. Det hadde då vore kjekt om ein då kunne betale for seg på samme konto som for leige av hytta, bensin prisen veit dei fleste. Det hadde også vore bra om ein meldte frå om bruken slik at ein kan få høve til å fylle på kanna igjen, gjerne til underteikna Etter bruk hadde også vore interessant å få tilsendt nokre ord med bilder fra oppholdet slik at vi kan få lagt det inn på heimesida.