Nordfjordlaget i Bergen er det eldste reine bygdelaget i Norge.
Kvar haust har laget tradisjon med å arrangere god, gammaldags basar med
åresalg. Basaren utgjer ein viktig del av inntekta til laget.
I år som sist år, er vi så heldige å kunne halde basaren i Zander Kaaes gate 7, vis a vis Hotell Teminus og Zander K, rett ved Bergen storsenter og jernbanestasjonen. Basaren går av stabelen søndag 24. november kl. 16. Det kostar berre 20 kroner å kome inn. Dette inkluderer kaffi eller saft og noko å bite i, og ein kan vinne gevinstar på inngangsbilletten. Laget tek imot betaling kontant, eller på vipps #543317 Ein skikkeleg basar har fine og mange gevinstar! Vi set pris på alle bidrag vi får inn, så har de noko de trur kan glede andre - ta det gjerne med! Vi sjåast på basar!