Nordfjordlaget i Bergen er det eldste reine bygdelaget i Norge. Kvar haust har laget tradisjon med å arrangere god, gammaldags basar med åresalg. Basaren utgjer ein viktig del av inntekta til laget.
I år er vi så heldige å få halde basaren i Zander Kaaes gate 7, vis a vis Hotell Teminus og Zander K, rett ved Bergen storsenter og jernbanestasjonen.
Basaren går av stabelen søndag 19. november kl.16
Det kostar berre 20 kroner å kome inn. Dette inkluderer kaffi eller saft og noko å bite i, og ein kan vinne gevinstar på inngangsbilletten.
Laget tek imot betaling kontant, eller på vipps #543317
Ein skikkelig basar har fine gevinstar! Vi set pris på alle bidrag vi får inn, så har de noko de trur kan glede andre - ta det gjerne med!
Vi sjåast på basar!