Rekefest på lagshytta 30. sep.
Publisert av: Bjørn Aage Eide - 21. sept 2023 Laurdag 30. september: Rekefest på lagshytta i Hummelsund . Det vert servert reker, krabber og kanskje andre av havet sine godsaker til ein overkomeleg pris. Torgeir Evjen (mobil 913 80 681) tek imot påmeldingar til denne festen, eller ein kan nytte post@nordfjordlaget.no. Bindande påmelding innan onsdag 27. september. Det er høve til å overnatte for dei som ønskjer det. Vi startar kl 18:00.
Vi håpar på fint vær, få gjerne med vener også til ein kjekk haustkveld på lagshytta. Vi sørger for maten, ta med det ein ønskjer å drikke, kaffi vert servert.