Som ein årviss tradisjon, før koronakrisa, vert det invitert til basar i slutten av november. No prøvar vi oss igjen med basar og har fått leige lokale i Gimle sundag 21. november kl 16:00.
Ein god gammaldags basar med åresalg er kjekt for både store og små. Det kostar å drive eit lag med eige hus, naust og båtar. Basaren har gjeve eit kjærkome bidrag og har ikkje minst vore ei kjekk samlingsstund for alle
For å få til ein basar så treng ein gevinstar, vi oppfordrar derfor så mange som mogeleg til å bidra med små og kanskje større gevinstar. Har nokon anledning til å ta med seg noko å bite i så hadde det også vore kjekt. Det vert servert saft, kaffi og kaker mm..
Vi tek gjerne imot ein tilbakemelding i forkant om nokon har anledning om å bidra med gevinstar og/eller noko å bite i. (bjoaa-e@online.no)
Vel møtt på søndag den 21. november kl 16:00