Båtane på lagshytta.
Publisert av: B.Aa.Eide - 04. juni 2021Det vart sendt ut ei generell orientering om lagshytta. I kladden til utsendinga var det lagt inn nokre foto. Dessverre syner det seg at dei ikkje kjem med. Eit av bilda var av begge båtane som Nordfjordlaget eig.
No er begge båtane ute, men motoren på plastbåten er ikkje å stole på. Den vil bli teken på land.Når færingen skal nyttast ligg årar og dørk etc. inne i naustet. Ausekar også som kanskje må nyttast for på ein ikkje sjølvlensande båt.
Når det gjeld motor så får vi sjå kva som skjer vidare, overhaling eller kjøp av ny. Litt trasigt med mangalnde motor no før sesongen og mykje bruk av hytta, men slik er det berre.
Ver oppmerksam på det med landgangen til flytebryggja når de ferdast der.