Då har endeleg sola snudd og det går mot lysare dager og forhåpentleg lysare tider for oss alle, men først er det jul og eit nytt år.
Då vil Nordfjordlaget i Bergen få ønskje alle ei riktig god og fredfull jul. Det vert nok ikkje ei kvit jul i år heller, men jula vert nok like god for det. Snøen kjem sikkert sinare til neste år også.
Nordfjordlaget har hatt eit godt år med fleire nye medlem, spesielt kjekt er det at det er fleire barnefamilier og ikkje minst folk, som ikkje ein gong ikkje er nordfjording, ønskjer å vere med i laget. Kjekt er det også at nokon i år vil feire jula ute på hytta, bra at hytta vert brukt til glede for mange.
Vi håpar å få til fleire aktivitear ute på hytta og i byn i det nye året, til glede for både store og små. Men først er det julefeiring. Nordfjordlaget i Bergen vil ønskje alle ei riktig god jul med tru på eit godt nytt år for alle.