Vel overstått 17. mai
Publisert av: B.Aa.Eide - 17. mai 2018Så var 17. mai snart over for denne gang. Det har vore ein svert vellukka dag for laget.
Lagsfana var med i Domkyrkja som ei av to faner og laget fekk for den innsatsen fleire gode tilbakemeldingar. I hovedprosesjonen var det om lag 30 som gjekk under fana i eit stråland mai-ver, litt vind var det, men ikkje meir enn at det vart ein fin prosesjon. Ved innkomst på festplassen vart prosesjonen avslutta med nordfjordsongar, eit etterkvart tradisjonett innslag. Det er også spesielt kjekt at nordfjordingar no melder seg inn i laget etter at lagsfana har vorte lagt merke til i domkyrkja og prosesjonen. Det gjev litt løn for strevet.
Vi håpart på at endå fleire kan sjå seg nytte og glede i laget framover, velkomne skal alle vere.