Då står ein ny utesesong for døra, håpar snøen no held seg vekke og at våren får sleppe til. På heimesida oppe til venstre under Siste Dokument finn ein link til oversikt over planlagde aktivitetar for dette året.
Kan nemne at vi startar med dugnad laurdag den 5. mai. Då med klargjering av hytte, naust og båtar. Torgeir Evjen har fått fatt i ein ny robåt som han og Alf Kråkenes har pussa opp. Denne vil dei ro til Hummelsund.
Seinare kjem 17. mai som vi håpar vert ein fin dag med mange under lagsfana.
Deretter er det jonsok for heile familien laurdag 23. juni.
Etter sommarferien vert det familiedag på hytta laurdag 25. august.
Rekefesten vert 8. september
Basaren vert 18. november.
Vi kjem tilbake til alle desse aktivitetane når det nærmar seg.