God Jul og Godt Nyttår
Publisert av: B.Aa.Eide - 21. des 2017Så er det snart jul igjen og enda eit år går mot slutten. Men det kjem eit nytt år med mange moglegheiter.
Då vil Nordfjordlaget i Bergen få ønskje alle ei riktig god og fredfull jul. Det vert nok ikkje ei kvit jul i år, men jula vert nok like god for det. Snøen får vi nok seinare.
Nordfjordlaget har hatt eit godt år med fleire nye medlem, spesielt kjekt er det at det er fleire barnefamilier og ikkje minst folk, som ein gong ikkje bur i Bergen, som ønskjer å vere med i laget.
Vi håpar å få til fleire aktivitear ute på hytta i det nye året til glede for både store og små. Men først er det julefeiring. Nordfjordlaget i Bergen vil seie god jul og ønskje om eit godt år for alle.