Austrheim Musikklag vil spele til dans i Gimle torsdag 5. oktober kl 20. Inngangs billett kr 100, salg av kaffi kaker og brus. Musikklaget vil spele fram til kl 22:00
Austrheim musikklag feirer 100 år med speling I alle landets fylker I 1917 såg Smiemusikken, forløparen til det som i dag heiter Austrheim musikklag, dagens lys i ei gammal smie på Gloppestad. Musikklaget er dermed eit av dei eldste i landet. Musikklaget er framleis svært aktivt og spelar ofte til dans. Jubileumsåret vil innehalde litt andre oppdrag og spelingar enn det dei elles har. Dei har vore med hurtigruta og spela ombord heilt til Nordkapp. I November skal dei til Sogn og Fjordane-laget i Oslo for å spele til den tradisjonelle klubbefesten. Men først kjem dei til Bergen på veg til Lindesnes. I Bergen vil Nordfjordlaget arrengere dansekveld I Gimle. Austrheim musikklag er særleg kjent for å spele rytmisk og god dansemusikk. Vonar at så mange som mogeleg har anledning til å delta på Austreheim Musikklag sitt generøse tilbod om å spele til dans her i Bergen.