Endra jonsokfeiring
Publisert av: B.Aa.Eide - 15. juni 2017Vi har tidleare annonsert felles jonsokfeiring ute i Hummelsund på lagshytta. Det vert dessverre nokre endringar.
Tanken var å ha åpa lagshytte med påmelding for felles servering. No viser det seg vanskeleg å få nokon til å vere kontaktperson og stå føre opplegget. Det er ferietid og mange avtaler er gjorde så vi får ikkje til å ha noko felles.
Lagshytta er derimot tilgjengeleg for dei som ønskjer å ta seg ein tur, koden til nøkkelskapet kan oppgjevast om ein vil inn i hytta. Ved naustet ligg gamal material om nokon vil lage seg eit bål i sjøkanten. Plastbåten ligg ute og motoren går no som den skal, NB 2-taktsbensin (2% olje innblanding).