Gratulerer med dagen
Publisert av: B.Aa.Eide - 09. mai 2016Nordfjorlaget er det eldste reine bygdelaget i Norge, 102 år i år. Nokre av medlemane står fortsatt på sjølv om dei er komen opp i ein kjekk alder dei også.
Bjørg Kjøs Last, mangeårig kasserar i laget fylte 80 år den 2. mai. No kjem Einar Hansen, også han svært sprek etter alderen, etter og feirer 80 år den 10 mai. Laget ynskjer begge til lukke med dagen og åra vidare.
Om nokon andre har runde dagar, så tek vi gjerne imot informasjon. Laget har ikkje registrert fødselsår eller dato.