Dugnad
Publisert av: B.Aa.Eide - 02. mai 2016Det var annonsert dugnad helga 30. april. Frammøte var heller dårleg, men dei som stilte opp gjorde ein fantastisk fin jobb, spesiell takk til Alf med ektefelle og Torgeir som fekk gjordt mykje.
Dugnaden hadde vore bestemt i god tid på førehand, men sjølv underteikna gløymde dagen, dessverre. Dugnad er kjekt når veret er bra slik som det var denne helga, men når hukommelsen sviktar vert det verre, dessverre.
Dei som møtte opp gjorde ein god innsats, men der er meir som må gjerast, så ta gjerne kontakt om nokon kan tenke seg å ta ein dagstur og har interesse av å gjere noko.