Då er det jul igjen og tid for ei lita helsing til alle Nordfjordingar i Bergen. Nordfjordlaget vil spesielt ønskje alle medlem av laget ei riktig god jul og eit triveleg og godt nyttår. Vi vonar det komande året skal verte minst like godt for alle nordfjordingar i Bergen, og der kan kanskje Nordfjordlaget vere eit godt bidrag?
Om det vert tradisjonell julemat frå alle dei lokale produsentane eller ikkje, så vert nok jula feira på tradisjonell måte med pinnekjøt frå Nordfjord vil vi tru.
Kjekt av året er at nokon ønskjer å feire jula på lagshytta. Laget har vore utom hytta og hengt opp noko julepynt for fyrste gong og vonar det ikkje vert den siste. Ein fin stad som har sol også på julaftan om ikkje skyene stengjer.
Laget vil ønskje alle ei riktig god jul og vonar alle får ei fin og fredfull julefeiring.