Video over Hummelsund
Publisert av: B.Aa.Eide - 24. okt 2015 I sommar var det ein "stor familie" på omlag 13 personar som leigde hytta ei lita veke. Ein av dei som var med, Ferran Compte Lobera, tok ein video med drone. Den er no lagt inn på heimesida, ikkje heilt enkelt, men med god hjelp av Anders Gimmestad Gule ser det nå ut til at videoar kan visast på ein enkel måte . Videoen talar for seg sjølv, det er ein fin plasslaget har i Hummelsund, ikkje minst for dei små som kan boltre seg i fjæra. Båt som kan nyttast er der også.