Asfaltering rundt hytta
Publisert av: B.Aa.Eide - 19. okt 2015Som bestemt på årsmøtet, er no plassen rundt hytta asfaltert. Noko mørk no, men det vil lysne etter kvart. Vegen ned til hytta er også asfaltert, eit samarbeid med dei andre brukarane av vegen.
Forhåpentlegvis vert det mange år til at ein igjen må til å renske ugras. Ugraset heldt på å ta overhand og det var ikkje nok med ein dags dugnad for å få kontroll på ugraset. Vi ønskte å nytte tida til anna vedlikehald på dei oppsette dugnadsdagane enn å renske på ugras.