Helga den 22 og 23. mai vert det åpa hytte og dugnad i Hummelsund. Bilde er frå ein tidlegare dugnad. Det er mykje ein bør gjere både inne og ute.
I år som tidlegare år vert det ei dugnadshelg i august. Eigedomen er i bra stand, men alltid noko som bør gjerast. Alf er ein trottig mann på hytta og gjer mykje, men det er kjekkare når det er fleire så møt opp på laurdag og søndag. Kom når de vil, det er og mogeleg å overnatte for dei som vil det. Ta gjerne med redskap som hakker/river/sakser då det veks fort til. Ta med mat, kaffi vert servert.
Tilbakemelding: Dugnaden vart avvikla, men med dessverre berre 2 deltagarar. Desse fekk derimot gjort mykje med å slå langs kantane og rydde for veksande skog og ugras. Resukltatet vart bra, men ein ser fram til å kunne sleppe all reinskning av ugras ved å få plassen asfaltert. Ein håpar på betre deltaking neste gong. Det er ikkje berre det som praktisk vert gjort, men det sosiale som er viktig.