Nordfjordlaget deltok i prosesjonen
Publisert av: B.Aa.Eide - 19. mai 2015Så er 17. mai over for denne gong og Nordfjordlaget deltok i Hovudprosesjonen med lagsfana.
Veiret var ikkje det beste denne 17. mai, men likevel var det 15 til 20 som gjekk under lagsfana. Kjetil Almenning bar fana og som "duskedamer" hadde han med seg Marna og Sigurd. Dette året var vi i rekke 6 frå Koengen og det gjekk mest 45 min fra toget starte til rekke 6 kom i siget, neste år kjem vi lenger fram i køen vart det sagt.
Takk til alle som var med.
( Det viste bilde er frå avslutta prosesjon. Skal forsøke å få inn nokre fleire bilder)