Det er snart 17. mai og Nordfjordlaget vil stille med fana i Hovudprosesjonen i år som i fjor. I fjor fekk Nordfjordlaget mykje skryt over god deltaking og særs høvisk framferd. Laget er i år 101 år gamalt og vi feirar det også.
Vi har teke sjansen på god deltaging også i år og har meldt på 50 personer til Hovudprosesjonen.
Nordfjordlaget skal stå i kolonne nr 6 saman med kulturorganisasjonar, ungdomsorganisasjonar, bygdelag og sangarorganisasjonar
Hovudprosesjonen skal være oppstilt på Koengen kl 10.15. Vi ønskjer at ein stiller i god tid før dette tidspunkt. Nordfjorlaget ønskjer alle nordfjordingar med vener, velkommne til å delta i prosesjonen. Det er mykje kjekkare å delta enn å stå ved sidelinja!
Det vert i år også heiderstribune på Torvalmenningen. Lagsfolk som ynskjer plassreservasjon, lyt melde seg snarast råd til Jon.Askaland@uib.no , mobil 99517826 eller til post@nordfjordlaget.no så skal vi ta det vidare.
På ettermiddagen vert det folkemusikk og folkedans på Torgalmenningen - millom tribunane - ved Spelemanslaget Fjellbekken og Bondeungdomslaget Ervingen.
Det ver nynorsk festgudstjeneste i Domkyrkja kl 9:00 v/ sokneprest Morvik. Bergens mannskor vert med og sameleis Ingvar Pilskog som klokkar.