Vel gjennomført årsmøte
Publisert av: B.Aa.Eide - 18. mar 2015Årsmøtet vart gjennomført tirsdag 17. mars på Bryggen nr 13, ein sentral stad for dei fleste. Det var godt oppmøte og i løpet av 2 timar var saklista gjennomgått.
Heile styret tok gjenvalg, positivt, men ein saknar kanskje fleire i tiltak- og fest komiteen, så her er det berre å melde seg på. Oversikt over det nye styret finn ein under Dokumenter på heimesida. Sjølve årsmøtereferatet vert også lagt inn under Dokumenter. Elles kan ein kort seie at laget står seg godt, hadde eit bra år i 2014 der laget vart 100 år. Spesielt vart laget sin opptreden i 17. mai toget lagt merke til med med allsang ved avslutning av prosesjonen på festplassen. Vi satsar på same gode veret i år også med stor oppslutning frå alle Nordfjordingar i byn.