Vellykka rekefest på lagshytta
Publisert av: B.Aa.Eide - 20. sept 2014Laurdag den 13. september gikk den tradisjonelle reke-/sjømat-festen av stabelen
Den årlege reke-/sjømat-festen vart i år ein vellykka festkveld i det fine haustveret. Det var 16 stk som hadde møtt fram. Det mest gledlig var at så mange nye medlemmer var med på festen, og det satte en extra spiss på kvelden. Det vart servert reker /krabbe og kake til kaffien. Fleire nytta høvet til å overnatte.
Vi vil takke dei som la alt til rette for ein vellykka kveld.