Jonsokfeiring på Fjordtun
Publisert av: - 03. juni 2013Tradisjonen tro vert det i år også jonsok feriring på lagshytta laurdag 22. juni. Det vert servert rømegraut og spekemat til ein pris på kr 150. Det er bestilt fint ver og det er berre å møte opp på lagshytta når det måtte passe. Sjølve arrangenentet tek til kl 18.
Som tidlegare år vert det laga til eit enkelt arrangement på lagshytta. Det er mogleg å overnatte. Påmelding til Bjørg Kjøs Last innan onsdag 19. juni, mobil 936 89 476, hustlf. 55 29 19 35.