Vel gjennomført dugnad
Publisert av: B.Aa.Eide - 10. mai 2013Laurdag 4. mai var det dugnad på lagshytta. Ein trufast gjeng på 9 stilte opp. Det vart utført planlagt vedlikehald både ute og inne med Alf i spissen.
På sjølve hytta vart det utført innvendig reingjering, vindusvask og reperasjon av møblar.
Hagen vart stelt, plantane fekk gjødsel og hekken vart klipt. Det ser ut til at dei fleste plantane har greidd seg godt gjennom vinteren.
Plastbåten kom på sjøen og med nytt batteri starta motoren og den gjekk så nokon lunde, litt justering må kanskje ti.
Det vart også tid til matpause så det sosiale vart også teke vare på. Det var ei vellukka dugnadshelg.