17.mai 2011
Publisert av: B.Aa.Eide - 18. mai 2011Så er 17. mai over for denne gang. I Bergen var det tradisjonell feiring, Nordfjordlaget deltok med lagsfana både i Domkirken og i hovedprosesjonen. Underteikna skulle så gjerne hatt bilder om nokon har. Formann Torgeir Evjen har gjeve denne oppsummeringa:
Hei.
Vi stilte kl. 09.00 i Domkyrkja med Nordfjordlaget si fane. Eindel nordfjordingar var møtt fram i kyrkja. Då hovedprosesjonen stilte opp kom det fleire i nordfjordbunadar. Då toget satte seg i bevegelse var vi ein bra flokk under fana. Det var fleire yngre med familie. Så det var sang og hurrarop. Eit so livleg opptog under Nordfjordlagsfana er det lenge sidan vi har hatt. Veldig kjekt å sjå. Veret var bra med solglytt innimellom heile tida i prosesjonen. Først etter at vi var tilbake på Festplassen kom regnet. Det var ei fin gudsteneste og eit livleg følge under Nordfjordfana dette året. Vi godt vaksne gledde oss over dei unge og barna som var med oss.Ein flott dag!
Torgeir Evjen.
PS! Minner om at det til helga 21. og 22. mai er hytta åpen for alle som ynskjer å ta seg ein tur til Hummelsund.