INFORMASJON TIL MEDLEMENE I NORFJORDLAGET I BERGEN Hytta til Nordfjordlaget som ligg ved Hummelsund på Tofterøy er no i drift og fungerer godt til laget sitt formål. Det et 10 senger for overnatting og det er godt med utstyr på hytta. Vi har og sjøhus med plass til utstyr. Vi har to båter til bruk / leige - ein robåt og ein landstedsbåt med motor. Styret i Nordfjordlaget har planlagt desse aktivitetane i vår og sommar.
- 7. mai: Dugnad på hytta i Hummelsund. Då gjer vi klar båtane og gjer klart ut og inne for sommarsesongen.
- 17. mai-arrangement. Vi deltek på gudstenesta i Domkyrkja som vanleg. Frammøte kl. 0900. Nordfjordlaget deltek med fana. Etter gudstenesta er vi med i hovedprosesjonen frå Festplassen.
- Helga 21. og 22. mai har vi opa helg på hytta. Vi planlegg dugnad på laurdag med hovedvekt på rydding, maling og klargjering av uteareal.
- Laurdag 18.juni har vi den tradisjonelle jonsokfeiringa med rømmegraut og spekemat . Prisen for dette er sett til Kr 150.- pr person. Påmelding innan onsdag15. juni til Torgeir Evjen tlf 91380681 eller Synnøve Hegglund – tlf. 55183487.
- Laurdag 27. august vert det rekefest i Hummenlsund.- Helga 10. – og 11. september vert det opa helg på hytta.Vidare er hytta ledig for utleige til medlemmer dei helgene det ikkje er arrangement / opne helger. Leigeprisen er sett til kr 500,- pr døgn for helgedagar og kr 400,- pr døgn for kvardagar. Ved overnatting ved opne helger er overnattingsprisen sett til kr 100,- pr person pr døgn. Medlemmer som er med på dugnad får gratis overnatting. Oppgjer for leige av hytta eller båt kan innbetales til konto nr 0530 0789198.
Landstedsbåten med motor kan leigast separat eller saman med hytta. Robåten kan nyttast når den er ferdig oppussa.
Tinging av hytta, båt eller plass på arrangement kan gjerast på telefon til : Torgeir Evjen – telefon 913 80681 eller til Bjørn Åge Eide – telefon 905 45669, evt. tinging på heimesida www.nordfjordlaget.no.
Vi møtes 17.mai og på hytta i Hummelsund i sommar! Med venleg helsing på vegne av styret i Nordfjordlaget i Bergen.
Torgeir Evjen