Ei ny fin helg på lagshytta
Publisert av: B.Aa.Eidee - 15. juni 2010Sist helg var det fam. Einar og Randi L. Hansen som hadde gleda av å nytte lagshytta, tilsaman var dei 9 personar som overnatta.
Fam Einar og Randi Hansen hadde leigt hytta helga 11, 12 og 13 juni, her kjem ei helsing frå dei:
Til Nordfjordtunet fredag kveld i blest, men resten av helga vart ein fest.
Langt meir kos enn i hytta på Os. Varmt og godt, alt fungerte flott!
Laurdag etterkvart betre ver og ein gjeng på fisketur fer. Lite fisk, men sjøen frisk.
Fleire av familien kom sjøveien med båt; inga sak når ein har kai å leggje attåt.
Søndag med båt til Glesvær-kaféen. Ein god middag avslutta den vellukka helgeturneen!
Familen Randi L. og Einar Hansen, med Helge, Silje, Eli johanne, Bjørn Erik, Erik, Julie og Eira
takkar for seg, og anbefaler Nordfjordingar og co. om å leggje mot Hummelsund i veg!