Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

Jula 2022
Publisert av: B.Aa.Eide - 17. des 2022

.

Då er det jul igjen. Snart er det eit nytt år med nye moglegheiter. Året 2022 har vore eit bra år for Nordfjordlaget. Laget har fått fleire nye medlem. Aktiviteten i laget er ikkje av det største, men vi held laget i gang og tek vare på det laget har, det er det viktigaste. Lagshytta er ein svært kjekk eigedom og har vore mykje brukt dette året. Det er ein fin stad for rekreasjon for heile familien. Båtane er i god stand og den nye motoren har fungert godt.   

Det vart ikkje basar i november av ymse årsaker, men vi tek sikte på å få til ein basar i første halvdel av februar. Det er litt kjekkare med basar rett føre jul så kanskje vi kan få til ein basar i slutten av november også? I tillegg til kontingent og utleige av lagshytta så er basar den viktigaste inntektskjelda laget har. Vi håpar også på at dei som spelar på lotto, kan legge inn Nordfjordlaget i Bergen som mottakar av grasrot midlar, det vil også hjelpe på.

Da vil vi takke for året som snart er over. Alt ligg til rette for eit nytt godt år for Nordfjordlaget i Bergen.

Vi vil ønskje alle ei riktig god og fredfull jul, ønskjer også alle eit riktig godt nytt år.