Siste dokument

16.03.2022
Aktiviteter i NL 2022

Her er oppført dei viktigaste akt...

Last ned document

16.03.2022
Styre og nemder i NL for 2022

Her er styret og nemder for dette å...

Last ned document

Jonsokfeiring 25.juni
Publisert av: B.Aa.Eide - 24. mai 2022

.

Tida går fort og snart snur dessverre sola igjen. Då er det tid for å feire jonsok. Laget har satt av denne helga til eige bruk for å kunne nytte laurdagen til koseleg samvær og kvelden og natta til dei som vil vere over.

Hummelsund er ein utruleg fin plass for både store og små. Lagshytta er der for å brukast, det same med naustet og båtane. I stranda er det anledning til å lage til bål, nok av rusk og slikt som kan brennast. Det er også bålpanne som kan nyttast til grilling.

Alf Kråkenes , 472 63 728, tek imot påmelding,alternativt send melding til post@nordfjordlaget.no. Påmelding må ein nesten ha sidan det skal kjøpast inn rømegraut og spekemat.

Frist for påmelding er tirsdag 21.juni.  Det er sjølvsagt anledning å kome utom uta påmelding får å delta i det sosiale. Om nokon ønskjer å grille så går det greit, men ta med grillmat. Kva prisen vert for spekemat og graut er avhengig av antall påmelde så det må ein kome tilbake til.

Vi håper mange ser nytte i ferieparadiset vi har og tek turen utom. 

Vel møtt.

 

?>