Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

Vel gjennomført årsmøte 2022
Publisert av: B.Aa.Eide - 16. mar 2022

.

Då er årsmøtet for 2022 vel gjennomført. Sidan det ikkje vart teke noko foto av styret vert det i år også nytta eit illustrasjonsbilde.

Det var bra frammøte og årsmøtet vart gjennomført utan store diskusjoner i kjekke lokaler med kaffi og noko å bite i. Laget står seg bra og interessa for lagshytta var ganske stor siste år. Med ny motor på plastbåten trur vi interessa for lagshytta vert enda større, Ikkje minst når vi også forhåpentleg får installert fiber for internett og TV før sommaren.

Viktige saker på årsmøtet var auka i leiga frå kr 250 til kr 300 for kvar voksen pr døgn. I tillegg var årsmøtet einig i at innbetaling for bruk av lagshytta skal skje i forkant av leiga og ikkje i etterkant som praksisen har vore. Det er lett å gløyme betalinga, med trasige purringar, noko som ein nå vonaleg slepp.