Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

DÃ¥ er motoren komen i naustet for vinteren
Publisert av: B.Aa.Eide - 05. nov 2021

.

Då er sesongen slutt for motor på plastbåten.(Beklager ikkje oppretta bilde). Alf, Seppo og eg tok inn motoren i dag i fint haustver. Krybba som var laga for å lagre motoren passa godt, men skulle vore litt høgare for å lettare få inn under ein stamp med ferskvatten. Dette for å få ut saltvatnet i motoren som tærer. Må nok gjere eit nytt forsøk på preservering, etter basaren for å få alt på stell til vinteren.

Lashytta står seg bra. Seppo fikk vekk mykje lau som hadde samla seg. Nytt lås på båten, nøkkel i nøkkelskapet som før. Vi har ikkje gjeve opp forsøket på å få innlagt fiber etter samtale med nabo, har sendt kommentar til fiber firma, får avvente å sjå kva som  skjer.

Ellers var årane til bruk på basaren henta, vi ser fram til basar-dagen, 2 år sidan sist. Vi håper på godt frammøte.