Siste dokument

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

18.09.2023
Styre 2023

...

Last ned document

Stardalen mannskor med støttespelarar
Publisert av: B.Aa.Eide - 08. sept 2021

.

Den 23. oktober kjem Stardalen mannskor saman med Oddvar Torsheim, Olav Stedje og Arve Uglum med 6- mannsorkester frå Sandane med dirigent Trygve Apalset til Bergen og Grieghallen. No har lokalpatriotar eit fin høve til å treffast og få servert god underholdning.

Stardalen mannskor har sidan 2019 samarbeidd med Oddvar Torsheim, Olav Stedje og Arve Uglum om eit konsertprosjekt med tittelen "Vi vandrar saman i Nynorskens skog".

Konserten vart i 2019 framført i Samfunnshuset i Hyen og på Skei hotell, og deretter i januar 2020 i Førdehuset og Sogndal kulturhus. Nærmere 1500 personar har hitill sett konserten. I tillegg til koret med 32 songarar har dei også eit 6-mannsorkester frå Sandane.

På bakgrunn av mange og positive tilbakemeldingar har laget bestemt seg for å framføre konserten i Grieghallen den 23 oktober kl 20:00. Konserten er alt lagt ut for sal på grieghallen.no.

Håpar mange nordfjordingar kan sjå interesse i konserten og støtte oppom eit utruleg kjekt tiltak.