Siste dokument

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

18.09.2023
Styre 2023

...

Last ned document

Vellykka basar i år også
Publisert av: B.Aa.Eide - 18. nov 2019

Det var ein særs vellykka basar som gjekk føre seg i Gimle no sist sundag.Trur ikkje bordet med vinstar har vore meir innhaldsrikt nokon gong. Kakebordet var også innhaldsrikt og vi gjekk ikkje tomt for drikke og noko å bite i, heldigvis.

Det var framåt 50 vaksne som var til stades i år, noko mindre enn i fjor som var rekordåret. Då var det ein del fleire med på basaren, men i 2017 var det fleste deltakande og marginalt noko lågare overskot. Det varierer ein del og influensaen har nok spela inn hos oss også.

Som vanleg vat det åresalg i 3 omgangar, over 50 vinstar pr omgang. I pausa mellom første og andre omgang hadde vi ein verdspremiere. Det var Lisbeth Skogseth og Sølvin Refvik som framførde, med vokal og gitar, eigne tekstar og kjende låtar.

Dei har begge sterk knytnig til Sogn og Fjordane, mest Nordfjord. Dei skriv sine eigne tekstar og fleire av tekstane ber preg av tilknytninga til vestlandet og Nordfjord. Dei var særs flinke og vi får dei kanskje tilbake, stor takk til dei.

Det er mange som har lagt ned mykje arbeid i at basaren skulle gå bra, ein stor takk til alle, og ikkje minst dei som har skaffa vinster, utan vinstar ingen basar.

Ein stor takk til alle dei som stilte opp og gjorde kvelden til det den vart: kjempe koselig.