Siste dokument

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

18.09.2023
Styre 2023

...

Last ned document

Hausten kjem også på lagshytta
Publisert av: B.Aa.ide - 24. okt 2018

.

Hausten kjem også til lagshytta og for å sikre at eigedomen er så noko lunde på stell var Alf og underteikna ein tur på hytta, mellom anna for å ta i hus batteriet på båten.

Det var eit heller trist syn som møtte oss. Siste brukar av båten har ikkje teke ut proppa for sjølvlensinga med følgje at båten vart full av vatten. Vi har laga til sjekkliste for at dei som brukar hytta med utstyr skal kunne krysse av, der i blandt er det spørsmål om proppen/nygla er teken ut om båten har vore nytta.

Det ser dessverre ut til at dette vert oversett. Det er ikkje første gangen og vert kanskje heller ikkje siste, men det øydelegg så mykje for både laget og andre brukarar når dei som brukar båten ikkje sjekkar ut på rett vis og legg tilrette for neste brukar.

Vi trur det gjekk bra denne gongen også.

Det neste no i laget er basaren og vi håpar mange planlegg for å delta og støtte med vinstar og kaker søndag den 18. november.