Siste dokument

06.04.2021
Styre og nemder 2021

Her er styre og nemder i laget for 2021....

Last ned document

06.04.2021
Aktivitetar for 2021

Her er dei planlagde aktivitetane for 20...

Last ned document

Jonsokfeiring på lagshytta
Publisert av: B.Aa.Eide - 14. juni 2018

.

Laurdag 23. juni vert det tradisjonell jonsokfeiring med rømegraut og spekemat på lagshytta. Vi håpar på fint veir og at det kan verte ein fin familiedag i Hummelsund. Nytt gjerne heile dagen på hytta, men servering slik i 17-tida.

Sidan det er servering hadde de vore kjekt å kunne vete kor mange som tek turen. Påmelding er derfor ønskjeleg via :post@nordfjordlaget.no eller arrangementsansvarlig Alf Kråkenes (mobil 472 63 728) innan onsdag 20. juni.  Prisen er kr 150 pr person for maten, det er muleg å overnatte for kr 100. Det vert servert kaker og kaffi og for dei små vert det pølser.

I stranda vil det verte laga til jonsokbål, laget har ein gammal båt/fering som må brennast opp og då kan det høve bra.

?>