Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

Den årvisse basaren i Nordfjordlaget
Publisert av: B.Aa.Eide - 17. okt 2017

.

Då er det snart klart for den årvisse basaren i Nordfjordlaget i Bergen. Den vert i år den 19. november kl 17 i Gimle. Vi har i år også tinga storsalen for å få plass til alle.    

Ein god gammaldags basar med åresalg er kjekt for både store og små. Det kostar å drive eit lag med eige hus, naust og båtar. Basaren har dei siste åra gjeve eit kjærkoment bidrag og har ikkje minst vore ei kjekk samlingsstund for alle.

For å få til ein basar så treng ein gevinstar, vi oppfordrar derfor så mange som mogeleg til å bidra med høvelege gevinstar. Har nokon anledning til å ta med seg noko bakverk så hadde det også vore kjekt. Det vert servert saft, kaffi og kaker mm.. 

Vi tek gerne imot ein tilbakemelding i forkant om nokon har anledning om å bidra med gevinstar og/eller noko å bite i.

Vel møtt på søndag den 19. november kl 17:00