Siste dokument

07.04.2024
Styre 2024

...

Last ned document

23.02.2024
Aktivitetar 2024

...

Last ned document

Dugnad på lagshytta torsdag 4. mai og laurdag 6. mai
Publisert av: B.Aa.Eide - 24. apr 2017

.

Då er forhåpentleg våren her snart igjen og tid for dugnad på lagshytta. For dei som ikkje har anledning til å delta på laurdagen vil der vere mogleghet også på torsdagen, heile dagen og ikkje berre etter arbeidstid.

Sjølv om lagshytta ser bra ut og det er gjort mykje for å reduusere vedlikehaldet, er der alltid noko som må gjerast. 

Om ønskjeleg så er det som nevnt anledning til å ta turen utom også på torsdagen i tillegg til laurdagen. Det vert kjøpt inn maling etc og skaffa tilveie verktøy, men det kan vere lurt å ta med det ein trur kan vere av nytte, det viktigaste er å ta med godt humør.

Alf Kråkenes er koordinator og kan kontaktast på mobil 472 63 728 eller alf@krakenes.net.

Det er sjølvsagt mogleg for dei som vil å overnatte.

Av aktivitetar er det å få rydda utvendig, lakka vinduspostar innvendig, få vaska plastbåten og montert motoren, maling av rekkverk om veret tillet det.

Det viktigaste er likevel å ta med godt humør, mat og arbeidsklær.